lørdag 28. april 2007

Skarverennet!

Forrige helg var det Skarverennet på Geilo. 12000 løparar gjekk frå Finse til Ustaoset - og å være med var heilt ufattelig!
Tenkte gjennom mykje på 5 timar, utruleg helsebringande å være med på nokke slikt. Første eg gjorde når eg kom i mål, var å seie frå til Åse om at vi går turen sammen til neste år. Dette er noko som må delast.
I år gjekk eg med ein kamerat, Lars. Neste år blir vi nok to par!
Tenk på det: Heilt stille, ikkje motorlydar, berre 24000 stavar som går ned i snøen og 24000 ski som bevegar seg. For eit kor!
Neste løp er 19/4-08 - med Vellane på starten. Pappa og blir med, så her er det fleire som blir freista...

Ingen kommentarer: