mandag 22. januar 2007

Tur til Gøteborg

I helga (19. - 21. januar) var vi på helgetur til Gøteborg. Besøkte Anne Mari og Charlie. Flott leilighet har dei fått, ikkje nokke problem å ta imot ein familie på 5... i alle fall ikkje for oss!

Gøteborg er ein flott by med mykje å sjå. Åse var på IKEA (jippi!), og fikk svidd av litt pengar. Martin og Håkon var med pappa og tante Maja på museum og såg haiar, fisk, politibil, lastebil, romrakett og masse anna morro...

Ellers var det snø i byen, og det var populært for Martin spesielt som hadde snøballkrig med pappa og ellers rente på rumpa der det var mulig.

Ei flott helg hos flott vertskap! Tenk å ha tante Maja! Skikkelig populær tante, og vi e veldig fornøgde med Charlie - både guttane og dei vaksne. No glede vi oss til neste tur, og håpar på besøk frå Sverige snart...

Turen til og fra Gøteborg tok lang tid - 10 timar ein veg... det er langt. Men vi fekk testa ut dvd i bilen og såg film etter film etter film etter film etter fi..... Heilt til dei små sovna. Ikkje så dumt kjøp!

1 kommentar:

Anne Mari sa...

Tusen takk:) Vi koste oss kjempe masse også:) Velkommen tilbake